Etter at reguleringsplanane for E134 Gvammen–Århus vart vedtekne i 2003/2004, har prognosane for trafikkvekst i området auka vesentleg. Dette medfører mellom anna krav om auka veg- og tunnelbredde samt at vegen skal være fri for avkøyrsler. For å ta omsyn til dette er det utarbeidd nye planar for dagstrekningane på Gvammen og Århus. Ny reguleringsplan for Gvammen vart vedteken i kommunestyret i Hjartdal kommune 11. april 2012, mens ny reguleringsplan for Århus vart vedteken i kommunestyret i Seljord kommune 19. april 2012.

Dei nye planane viser at E134 mellom Gvammen og Århus i framtida vil bestå av ca. 9,4 km tunnel og ca. 1,1 km veg i dagen på kvar side av fjellet. Tunnelen vil få eitt løp, med tovegs trafikk. Vegen får 3,5 meter breie kjørebanar med eit 1,0 meter breitt midtfelt. På dagstrekningane kjem det i tillegg 1,0 meter breie skuldrer, slik at total vegbreidde blir 10,0 meter (standardklasse S4). Tunnelen vil få 1,25 meter brei skulder/bankett og bli totalt 10,5 meter brei (tverrsnitt T10,5).

Da reguleringsplanane for E134 Gvammen–Århus vart vedtekne i 2003/2004 vart det samtidig vedteke reguleringsplanar for to massedeponi, eitt på kvar side av Mælefjell. Det er sidan utarbeida forslag til ny reguleringsplan for Moen massedeponi (einstemmig vedteken i Planutvalet i Hjartdal i juni 2012, og skal etter planen opp i kommunestyret 12. september 2012).