Bruene blir skyvde på plass

Publisert 23.11.2018

Mellom Mælefjelltunnelen og den gamle E134 på Gvammen, vil det vere to bruer på den nye vegen. Dei førebelse namna på dei er Øyan bru, som går over elva og Gvammen bru som går over kanalen. Bruene er laga i stål, produserte på fabrikk og montert på Gvammen før dei blir skuva på plass. I denne filmen kan du sjå korleis kolossen på 180 tonn blir skuva fram over elva.

Tunnelen med tryggleik i høgsetet

Publisert 23.11.2018

Mælefjelltunnelen er ferdig slik du vil sjå den når den opnar før jul 2019, no er det alt det elektriske og elektroniske som skal monterast. Meir enn 200 kilometer med leidningar, 2 000 LED lysarmaturar, 200 høgtalarar, 200 videokamera og ei mengd anna utstyr skal på plass i løpet av tida fram mot opninga.

Montering av vatn- og frostsikring

Publisert 23.11.2018

I den fyrste halvdel av 2018 gjekk mykje av tida med til å montere vatn- og frostsikring. Fyrst blir store plater med isolerande og vasstett PE-skum montert. For å få til dette måtte det borast hol til alle dei 90 000 boltane som skulle til for å feste platene. Til saman er det 200 000 kvadratmeter skumplater på plass. Skulle du leggje dei ut på bakken ville det fylle 28 fotballbaner…

Asfaltering i tunnelen

Publisert 20.11.2017

I tunnelen er det mengder med utstyr som du aldri vil kome til å sjå. Under asfalten som no er lagt, er det ei rekkje røyr til ulike formål. Somme er til å drenere ut vatn, andre til å transportere vatn til og frå det unike høgdebassenget som er midt i tunnelen, mens over 200 kilometer med røyr er til alle leidningane som skal på plass.

Gjennomslag

Publisert 16.05.2017

3. mai er den hittil største merkedagen for anlegget E134 Gvammen–Århus. Da fyrte vi av gjennomslagssalven i tunnelen vår. Har du lyst til å bli med inn i fjellet og oppleve stemningen fra innsiden?

Eit landskap i forandring

Publisert 5. november 2015

For fyrste gong kan du bli med på ein køyretur det mest av den nye vegen frå Gvammen i Hjartdal til Århus i Seljord.Hopp om bord og du vil få sjå korleis veglinja blir, glimt i frå deponia, korleis vi reinsar både vatnet som renn frå deponia og vatn frå tunneldrifta, korleis vegen er bygd opp med knust stein frå tunnelen og litt til.God tur!

Dagens veg

Publisert 30. juli 2015

Filmen viser dagens veg som går i svært naturfagre omgivnader via Nutheim.Vegen vil bestå som ein mindre trafikkert veg etter opninga av tunnelen sommaren 2019.

.

Tunneldriving

Publisert 21. april 2015

Her kan du sjå korleis vi bokstavleg talt sprengjer oss veg gjennom fjellet.Tunnelen mellom Hjartdal og Seljord kommunar vil bli 9,4 kilometer lang. Kvar salve driv oss seks meter nærmare målet.

Første salve

Publisert 2. januar 2015

Fyrste salven blir fyrd av, den tek oss tre meter inn i det som skal bli den 9,4 kilometer lange tunnelen.

E134 Gvammen–Århus

Publisert 15. september 2014

E134 er kortaste veg frå Drammen til Haugesund, og ein av hovudvegforbindelsane mellom Austlandet og Vestlandet.