Det er utarbeida i alt 5 reguleringsplanar på strekninga mellom Seljord og Åmot, og planane berører Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje kommunar. Heile strekninga utgjer ca. 50 km, og strekningane som er regulert er på til saman 21,4 km. Alle reguleringsplanane er godkjende.

Det er bevilga 320 mill. kroner som skal finansiere prosjektering og bygging av delar av det som er regulert.

Vegen blir bygd med breidde 8,5 meter, og vil få ein jamn standard både horisontalt og vertikalt. Vegen skal forsterkast slik at ein unngår telehiv. Samstundes vil avkøyrlser bli vesentleg sikrare.