Kontrollingeniør Mats Granl, prosjekteringsleder Helene Noraberg og byggeleder Dag Rune KvålenKontrollingeniør Mats Granl, prosjekteringsleder Helene Noraberg og byggeleder Dag Rune Kvålen

I august 2019 skal fire kilometer ny veg stå ferdige frå Moskeid i Morgedal til Mostøyl. Dermed blir enda fleire av dei største utfordringane langs E134 bli utbetra. Libergbakken er ein av desse.  Her vil stigninga bli jamna ut samtidig som fleire svingar blir retta ut.


- Vi synest det er svært hyggjeleg at så mange som 12 entreprenørar ønskjer å byggje vegen, seier byggjeleiar Dag Rune Kvålen og prosjekteringsleiar Helene Noraberg.
Konvoluttane med dei tolv tilboda blei opna på regionvegkontoret i Arendal torsdag ettermiddag. No startar eit omfattande arbeid med å gå igjennom alle tilbod. Dette arbeidet består blant anna i kontrollrekning og sjekk av alle entreprenørar om dei tilfredsstiller kvalifiseringskrava gitte i konkurransegrunnlaget.

- Dette er eit omfattande arbeid som vil ta nokre veker, opplyser byggjeleiar Kvålen.
Det er ikkje bestemt dato for start av anlegget, men det vil vere i gong i løpet av våren.
Det rimelegaste tilbodet er i underkant av 60 millionar kroner, mens det høgaste er 122 millionar kroner.  Fleire av entreprenørane som har lagt inn tilbod, er firma som er basert i Vest-Telemark.

Tilboda, i uprioritert rekkjefølgje eksklusiv meirverdiavgift:


1. T. Engene AS     73.470.902,36
2. Bertelsen & Garoestad AS    74.004.265,-
3. Håkanes Maskin AS    122.168.120,-
4. Nomeland Anlegg As    83.084.771,-
5. Kåsa & Rinqhus Entreprenør As   64.111.564,70
6. Martinsen & Duvholt AS    83.499.797,-
7. lsachsen Anlegg AS    61.035.068,20
8. Carl C. Fohn AS     89.181 .386,80
9. Morgedal E ntreprenør AS   59.664.801,-
10. Skarve Anleqq AS     71.071.12 7,-
1 1. Hovden Hytteservice AS    71.671.826,95
1 2. Veidekke Entreprenør AS   88. 775.674,-