Krysset mellom E 134 og Oftevegen er også innkøyringa til bensinstasjonen i Høydalsmo.  Omlegginga av krysset vil gi monaleg betre trafikktryggleik.

Rettar ut sving

- Vi skal sprengje oss inn i fjellet på innsida av svingen, slik at vegen blir dregen litt lenger vekk frå der han ligg i dag.  Det gjer at vi kan rette ut svingen slik at det blir betre sikt,  fortel byggjeleiar Mats Granli i Statens vegvesen.  Det er Morgedal Entreprenør som nyleg skreiv under kontrakten med Statens Vegvesen.  Kontrakten har ein verdi på omlag 10 millionar kroner med meirverdiavgift.  Arbeidet tek til allereie i år og skal vere ferdig til sommaren neste år.

Betrer sikta

Til saman vil det vere om lag 22 000 kubikkmeter fast fjell som sprengjast ut for å rette ut svingen og betre sikta. 13 000 kubikkmeter av dette faste fjellet blir i overkant av 20 000 kubikkmeter laus stein, som skal transporterast rett over E 134 og fyllast ut til næringstomter. 

- Krysset vil bli ope, med eit eige innkøyringsfelt til Oftevegen og bensinstasjonen. Her skal det byggjast midtrabatt. Når denne blei teikna har vi hatt store vogntog i tankane. Feltet er også langt nok til at to vogntog samtidig kan vente i det etter kvarandre, fortset byggjeleiaren. Samtidig med at krysset blir bygt om, vil det også bli veglys på den nye vegen.  Prosjektet er finansiert som ein del av prosjektet E 134 Seljord-Åmot som allereie er i gong på strekninga Morgedal-Mostøyl.  Også her er det Morgedal Entreprenør som har kontrakten.