Strekninga blir delt opp i mindre delar for best mogeleg effektivitet og utnytting av ressursane på staden.  Fjell som blir sprengt i ein skjering kan nyttast til å byggje opp sjølve vegen ein annan stad.  Dette kan du sjå no rett ved der gamle Liberg pensjonat låg. Her er jordsmonnet fyrst skava av slik at fjellet blir naken. Så blir fjellet sprengt for å gjere plass til den nye vegen.

Mellombels omkøyring


- Fleire stader vil vi byggje mellombelse omkøyringsvegar for å kunne arbeide med den nye vegen utan at biltrafikken går heilt inntil, fortel byggjeleiar Dag Rune Kvålen i Statens vegvesen.
I sommar vil du ikkje merke spesielt mykje til omkøyringsvegane, fyrst etter sommarferien vil trafikken bli lagd ut på dei. I fyrste omgang er dette ved det gamle pensjonatet, men det vil kome på fleire stader etter kvart. Fartsgrensa vil verte til 50 km/t gjennom anleggsområdet.

Ferdig 2019


- Me arbeider oss ferdig på denne staden i haust, meininga er at det skal kome asfalt her innan vinteren.
Det betyr at allereie til vinteren vil den skarpe svingen vere borte. Neste del av strekninga blir Libergbakken. Denne bakken kan vere ei prøving for førarane av dei største køyretøya. Svingen i botn av bakken tvingar farten ned før stigninga tek til, derfor blir den retta ut.  Stigninga på den nye vegen vil bli jamnare, slik at det blir lettare for trafikken å forsere bakken på vinteren.
Framdrifta vidare kjem vi tilbake til, men allereie no er mesteparten av veglinja hoggen fri for tre. Heile vegen skal vere ferdig på hausten 2019.