Libergbakken opp frå Morgedal er godt kjent, spesielt for førarar av dei tunge bilane. Slik den gamle vegen er, tvingar både den fyrste svingen og sjølve bakken, farten ned. Dermed kan det bli utfordrande når føret ikkje er av det beste slaget.

E134 ved RjupestølE134 ved Rjupestøl

Sprengjer i vinter

- Me har no begynt med arbeidet også her, fortel byggjeleiar Dag Rune Kvålen som leiar arbeidet.
Arbeidet som skal gjerast no i vinter er å sprengje fjell og samtidig leggje stein der det trengst å fylle ut. I botn av bakken skal vegen heisast litt, mens den på toppen skal senkast. I tillegg blir svingen litt meir medgjerleg. Omlidvegen som går til sida i starten av Libergbakken, vil også bli delvis ny, inkludert ei ny bru.
Oppe på toppen skal det bli ny avkøyrsle til Nordskog. Her er det bygd ei mellombels kryssing av bekken med røyr. Den vesle brua skal rivast og erstattast med ei ny bru. Omkøyringsvegen blir gjort klar i vinter, men omlegging av trafikken inn på den mellombelse vegen, skjer ikkje før til våren.


Nedsett fart

Her vil det bli skilta nedsett fart fleire stader langs europavegen.
Ved gamle Liberg pensjonat er vegen heilt ny. Per november ligg omkøyringsvegen parallelt med den nye vegen, men den vil etter kvart bli fjerna. Nærmare Rjupestøyl er også den nye veglinja bygd. Etter svingen sett i retning Høydalsmo, er me? i gong med å sprengje ein stor fjellskjering. Dette er mykje fjell så her vil fjellet bli teke ned i to omgangar, såkalla pallar. Totalt vil dei to pallane bli 17 meter.


- I dette området kor me? no har jobba oss igjennom, har det vore ei myr. I store delar av veglinja er massane skifta ut heilt ned til fem meter i myra, fortel byggjeleiar Kvålen.
Den nye vegen skal opnast på hausten 2019.