Denne veka skreiv dagleg leier Rune Landsverk i Morgedal entreprenør AS under kontrakten om å byggje den nær fire kilometer lange E 134-strekninga frå Mostøyl til Høydalsmo i Tokke kommune. Frå før har den same entreprenøren i 2017 inngått to andre kontraktar på E 134.


- Arbeidet begynner i løpet av vinteren, fortel byggjeleiar Dag Rune Kvålen i Statens vegvesen. Kvålen leiar også arbeidet med bygginga av strekninga Morgedal-Mostøyl som starta på ettervinteren i år. Både denne kontrakten og kontrakten om å byggje om krysset ved bensinstasjonen på Høydalsmo er det den same entreprenøren som har.
Kontrakten omfattar bygging for nesten 80 millionar kroner med meirverdiavgift. Ved Mostøyl begynner arbeidet langs Dalanåi kor vegen vil bli bygd litt ut mot elva. For å unngå sjølve elva her vil det bli bygt opp ein mur. Vidare skal det byggjast ein ny Rui bru, her vil også svingen rettast ut. Den verkelege store endringa på denne strekninga blir når Ruibakken blir hevd i botn og søkt på toppen. Terrenget her er bratt, men etter ombygginga vil det bli lettare for tunge bilar å ha med seg farten opp heile bakken. Den nye bakken vil få ei stigning på seks prosent.


Delvis følgjer den nye vegen den gamle traséen mot Høydalsmo kirke, men svingar vil bli retta ut og skape mindre vanskar for førarane av vogntog gjennom Telemark.