Morgedal_Mostoyl002Morgedal ved Omlidvegen

Frå vatnet Moskeid i Morgedal skal E134 bli bygt om i fire kilometer. Helt i starten av strekninga vil fyrst ein liten kul på vegen bli skava vekk, deretter blir vegen hevd lagt om forbi dagens avkøyring til Omlidvegen og inn mot svingen som sjåast på biletet.  For å få til dette blir påkoplinga med Omlidvegen flytt.
For tungtrafikken spesielt, har Libergbakken vore ei utfordring. Årsaka er ikkje berre stigninga i seg sjølv, men svingen i botn som krev redusert fart. Den nye vegen vil derfor i tillegg til at stigninga blir jamna ut, og gå litt på innsida av den gamle slik at svingen blir retta ut.
I stor grad vil vegen følgje den gamle, men fleire svingar vil bli retta ut slik at det blir mogeleg å halde jamnare fart og for dei tunge kjøretya.
Løke bru ved avkøyringa til Nordskogvegen, vil bli fjerna og erstatta med ei ny og breiare bru.  Det gamle Liberg pensjonat er allereie jamna med jorda. Denne svingen er i dag lang og skarp. Vegen vil bli lagt på motsatt side av der pensjonatet var, slik at den skarpe svingen blir historie.

Morgedal_Mostoyl003Rjupestøyl bru

Vidare fylgjer den nye vegen i hovudsak dagens veg. Ved Rypestøyl bru og avkøyringa til skytebanen, blir vegen retta monaleg opp.  Her blir heile vegen lagt eit lite stykke innover marka rett fram og inn i skogen kor det blir sprengt ei fjellskjering for å gjere plass til vegen.  Denne skjeringa er planlagd til å bli 17 meter høg på det høgaste. Omlegginga betyr og at det blir ny bru til erstatning for Rjupestøyl bru.
Rett etter at vegen kjem ut av skjeret, blir Steinsbrua erstatta med ny bru. Svingen blir kutta inn mot Evjemyrdalen.  Gjennom denne dalen er det trangt om plassen. Delar av bekken vil bli flytt vekk frå vegen, samtundes som den nye vegen vil gå dels i det gamle bekkefaret.
Reguleringsplanen går 600 meter inn over kommunegrensa mellom Kviteseid og Tokke. Det er regulert inn fleire mindre deponi langs strekninga, blant anna Knipekleiv deponi i botn av Evjemyrdalen. Orretjønn deponi er regulert til mellomlagring av masser