Mostoyl_HoydalsmoDalaåi ved Mostøyl. Foto: Tor Arvid A. Gundersen

Starten på denne parsellen er rett etter der kor førre parsell blei utbetra i 90-åra. No begynner arbeidet langs Dalaåi rett etter krysset med Dalanvegen. Vegen vil liggje i tilnærma same line som den gjer i dag, men den vil bli litt breiare. For å få dette til er det nødvendig å utvide i retning elva, men samtidig utan å gjere inngrep i sjølve elva. Mot elva vil det bli bygt opp ein mur.
Årsaka til at utvidinga ikkje blir lagd til motsett side, er at her er det bratt og høgt fjell. Ein fjellskjering her ville bety ein svært høg skjering, i tillegg er kvaliteten på berget dårleg slik at det ville blitt ei svært utfordrande oppgåve å gjere skjeret stabilt.


Mot slutten av sletta,som du ser på biletet under, vil vi sprengje oss noko inn slik at svingen kan bli slakka ut.  Svingen rett før Rui bru vil og bli retta noko ut, samtidig som at den gamle brua blir skifta ut med ei ny og breiare bru. Dette er og eit punkt der ein del av tungtrafikken har problem.
Bakken etter Rui bru heiter Rudsbakken. Som elles på den nye vegen vil den og bli litt breiare. Heilt i starten av bakken vil vegen bli heva noko, for å gjere stigninga jamnare opp heile bakken.  Vegen vil her leggjast litt på sida av noverande veg, men både svingane og sjølve stigninga skal bli lettare å kome både opp og ned etter ombygginga.  Heilt på toppen av bakken vil det bli sprengt vekk litt av toppen slik at vegen kan søkkjast litt i forhold til slik den er i dag.