Raudaabru_Aamot001Halvparten av strekninga frå Raudå bru til Åmot vil allereie i sommar bli klar for trafikk.

Til saman blir det i overkant av to kilometer ny veg frå Raudå bru til Åmot i Vinje. Sett i retning aust mot vest er dette den siste delen av prosjektet E134 Seljord-Åmot, men den delen som fyrst blir ferdig.

Fyrste kilometer


På strekninga frå Raudå bru går per juni 2016 trafikken på omkøyringsvegen ved sida av den gamle vegen. Her er heile den gamle vegen fjerna og ny bygt opp. Den nye vegen følgjer den fyrste kilometeren den gamle vegen, men den er flata noko ut.  Store delar av strekninga er heilt eller delvis på myr og torv, derfor er 5-6 000 kubikkmeter med masse køyrd vekk.  Dette blir gjort for å sørgje for at fundamentet under vegen blir meir stabilt.
Massane er transporterte til Åmot der dei gjer nytte for seg på toppen av ei gammal søppelfylling. Mengda tilsvarar 5-600 fulle lastebilar.
Fram mot Rognlitjønn vil det bli lagt asfalt på vegen i månadskiftet juni/juli, slik at ferietrafikken kan køyre på fast asfalt gjennom anlegget. Måling av striper og vegrekkverk blir sett opp kort tid etter at asfalten er lagt.

Støyper kulvert


 Sommaren 2016 vil arbeidet på den midtarste delen av strekninga starte. I starten av bakken ned mot Haugenbekken er det i dag ei bru. Allereie er det laga ei stor fylling som har heva terrenget monaleg ved sida av brua. Her skal det støypast ein firkanta betongkulvert til erstatning for brua. Når kulverten er støypt, vil det bli fylt inn masser slik at trafikken kan settast på ein gong nærmare jol.  Etter at trafikken blir lagt om, vil den gamle brua og vegen bli fjerna slik at den siste delen av kulverten kan støypast. Vegen vil ikkje få fast dekke i form av asfalt før i 2017.
Arbeidet ned bakken mot Åmot vil vare framover. Her er det sprengt ut ein monaleg del av fjellet tidlegare. Nærmast fjellveggen vil det bli bygt gang- og sykkelveg opp bakken. Mellom vegen for dei mjuke trafikantane vil det vere ein sone på tre meter over til europavegen. Bilvegen vil bli liggjande omtrent som i dag, men svingane blir retta noko ut, slik at det blir lettare å halde jamn fart opp bakken.

Åmot sentrum


Den siste biten av arbeidet mot Åmot sentrum blir utført våren 2017. Også her vil det bli laga gang- og sykkelveg ved sida av den nye vegen.
I dette veganlegget blir store mengder gammal asfalt skrapa vekk. I staden for å dumpe denne blir den knust og malt opp og brukt som berelag på toppen av vegen rett under laga med ny asfalt.
Heile strekninga skal etter planen stå ferdig sommaren 2017.