-  Me er glade for at  me får ein lokal entreprenør som er godt kjent i området  der det skal byggjast, seier prosjektleiar Helene Byre i Statens  vegvesen.

Arbeidet som  byrjar i løpet av våren, startar ved Moskeidvatnet i Morgedal og går 3,8 kilometer i retning Mostøyl.  I stor grad vil vegen følgje den gamle, men fleire svingar vil bli retta  og bakkar jamna ut, slik at det blir mogeleg å halde ein jamnare fart også for dei tunge køyretøy.  Særleg vil dette bli merkbart i Libergbakken som har vore ei utfordring for tungtrafikken.

- Planen er at den nye vegen skal vere ferdig hausten 2019,  held prosjektleiaren fram.
Med seg på laget har ho Anne Refsdal som delprosjektleiar, og Helene Noraberg er prosjekteringsleiar. Byggjeleiar skal Dag Rune Kvålen vere, mens Mats Granli er kontrollingeniør.

Neste del av heile prosjektet E134 Seljord-Åmot er strekninga Mostøyl-Høydalsmo. Medan Morgedal-Mostøyl sluttar der kvar E134 blei utbetra på slutten av 90-åra, byrjar denne parsellen etter krysset til Dalane og strekkjer seg mot Høydalsmo kyrkje. Etter planen skal arbeidet her   lysast ut på konkurranse til hausten 2017.

Samtidig vil det også bli lyst ut eit arbeide til på E134.  Krysset ved industriområdet og bensinstasjon i Høydalsmo, skal utbetrast. Her er det planlagt å  legge til rette for døgnkvileplassar for tunge og lange nyttekøyretøy.  Utbetringa her vil både bestå i å byggje eit avkøyringsfelt og samtidig flytte sjølve vegen litt for å betre svingeforholda for dei største køyretøya.

Halve strekninga Raudå bru-Åmot var klar for trafikk allereie i fjor sommar. I slutten av juni skal heile strekninga opnast.