Statens vegvesen har utarbeidd kommunedelplan (KDP) med konsekvensutgreiing som vart vedteken i 2008 (sjå meir i vedlegga til høgre). Statens vegvesen arbeider no med reguleringsplan for strekninga. Planområdet dekker strekninga Vågsli i Vinje kommune (Telemark) til Seljestad i Odda kommune (Hordaland).

E134 Vågsli – Seljestad har i dag lange og bratte stigningar med smale og svingete partia som gjer det utfordrande å ta seg fram. I tillegg fører krevjande vêrforhold ofte til stenging eller kolonnekøyring. Det har vore ein auke i stenging og kolonnekøyring dei siste åra. Det skaper store utfordringar for framkomst, trafikktryggleik og samfunnstryggleik.

Ny vegtrasé for E134 Vågsli–Seljestad vil gje vesentleg reduksjon av stenging og kolonnekøyring på strekninga. Det vil også korte ned køyrelengda med ca. 11 km og redusere høgdemeter med rundt 1000 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag ein halv time.

E134 over Haukelifjellet er ein av stamvegane mellom aust- og vestlandet. Utbygging av E134 er del av ein langsiktig utviklingsstrategi for å styrke E134 som ein av hovudvegane mellom aust og vest. Vegen er ein viktig ferdslesåre, særleg for næringslivet sør for Hardangerfjorden, med kring 20 prosent tungtrafikk. Årsdøgntrafikken er i dag om lag 2 200 køyretøy. På sikt vil den auke med utvikling av E134 som hovudvegforbindelse for aust-vest.