Hensikten med studien har vore å kartlegge bompengepotensialet i samband med eventuell bygging av nye tunnelar på E134 over Haukelifjell og forbi Røldal – dersom det ligg føre eit lokalt initiativ for slik finansiering. Oppdraget omfattar også lokal- og regionalpolitisk høyring av muligheitsstudien. Høyringsfrista er sett til 1. september 2009.

– Det er fleire usikkerheiter knytt til grunnlagstala for dette arbeidet, men det ser ut til at utbygginga greit kan bli realisert med 50 % statlege midlar og 50 % bompengefinansiering, seier Per Einar Lædre i Statens vegvesen. Lædre fortel at muligheitsstudien reknar med ein investeringskostnad på 2 500 mill. kr.

I muligheitsstudien er det gjort berekningar for to scenarier: med og utan parallellinnkrevjing av bompengar (innkrevjing medan anlegget blir bygt).

Det er føreslått plassert ut to bomstasjonar, ein aust for Haukelitunnelen og ein vest for Røldalstunnelen. I muligheitsstudien er det nytta byggestart i 2014 og fem års byggjetid.

– Dette er berre eit rekneeksempel, presiserer Lædre. Tidsrom for ei eventuell bygging er ikkje sett. Han seier at studien også legg til grunn at dei statlege midlane blir løyvt over same tidsrom og fordelt over heile byggjetida.

Full pris for lett køyretøy i ein bomstasjon er berekna til rundt 50 kr om forholdet statleg andel/bompengeandel er 50/50 – "hovudalternativet" i utgreiinga. Med AutoPASS-brikke blir taksten rundt 43 kr.

Det er Samferdsledepartementet som har bedt Statens vegvesen, i samarbeid med lokale styresmakter, om å gjennomføra studien.