E134 Røldal – Seljestad er eit av vegprosjekta som Statens vegvesen spilte inn til Samferdselsdepartementet i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033. Det er det fyrste byggjetrinnet på strekninga E134 Vågslid – Seljestad.

- Prosjektet markerer starten på utbetringa av E134 som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, og er svært viktig for tungtransporten. Meir føreseieleg reisetid på fjellovergangane er viktig for å auka konkurranseevna til næringslivet, seier prosjektdirektør i utbyggingsdivisjonen Kjartan Hove i Statens vegvesen.


Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.

- Vil gje store innsparingar

Tungtrafikkandelen på E134 er høg, og strekninga mellom Røldal og Seljestad er spesielt krevjande for tungtransporten med hårnålssvingar, bratt veg og tunnelar. Hovudgrepet mellom Seljestad-Røldal er bygging av ein ny tunnel på ca. 12,7 km frå Røldal til Seljestad.


- Ny Røldalstunnel vil gje stor innsparing i lengde, høgdemeter, køyretid, drivstoffkostnad og klimautslepp, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Åge Jonn Hillestad.


Tunnelen vil få ei stigning på 1,4 prosent vestover, noko som er langt meir gunstig enn dagens to tunnelar, Seljestadtunnelen og Røldalstunnelen, som har opptil seks prosent stigning.


- I tillegg vil utbetring av denne strekninga gje færre fastkøyringar for tungtransport og bilberging på vinterstid, og mest betring av trafikktilhøve for mjuke trafikantar. Ny veg vert lagt utanom Røldal tettstad og vil betre støytilhøva her vesentleg. Difor har denne strekninga første prioritert, fortel Hillestad.

Tunnelbrannar


I perioden frå 1990 og fram til 2016 har det vore til saman 11 tunnelbrannar i Seljestadtunnelen og Røldalstunnelen. Ingen personar har omkomme i brannane.


- Vi kjenner ikkje årsaka til alle tunnelbrannane, men det er nærliggande å tru at stigningsforholda er ein viktig årsak til de relativt hyppige brannane i Røldalstunnelen og Seljestadtunnelen, seier prosjektleiar Hillestad.


Årsaka til brannane ligg sannsynlegvis i stigningsforholda på veg til, og i, desse tunnelane. Trafikk frå vest køyrer anten frå Odda på Rv. 13 eller langs E134 frå Åkrafjorden med mykje stigning. Trafikken frå aust kjem frå Røldal og fleire hundre høgdemeter må forserast på relativt kort lengde frå begge retningar. Trafikk som kommer frå aust langs E134 har i tillegg hatt svak stigning opp til Haukeli, men en relativt bratt køyring ned til Røldal, med påfølgande bratt stigning til Røldalstunnelen.

 

Kontaktpersonar:

Kjartan Hove
Prosjektdirekør Utbyggingsområde vest
Mobil: 901 10 586

Åge Jonn Hillestad
Prosjektleiar Utbyggingsområde vest
Mobil: 950 46 063

Fakta byggjetrinn 1 E134 Røldal - Seljestad

Byggjetrinn I omfattar vestre parsell Røldal – Seljestad:

  • Dagsone med nytt kryss på Liamyrane, lengde ca. 1,3 km
  • Røldalstunnelen: ny tunnel Liamyrane – Seljestad (erstattar Seljestadtunnelen), lengde ca. 12,7 km
  • Dagsone med nytt kryss på Seljestad, lengde ca. 0,8 km.
  • Vegbreidde: 9 meter
  • Fartsgrense: 90 km
  • Byggetrinn 1 har finansiering gjennom første seksårsperiode i NTP 2022- 2033
  • Lengde: Total 15,4 km inklusive Røldalstunnelen
  • Kostnadsramme: 2 978 MNOK. Av dette er 2 453 MNOK statlege midlar og 525 MNOK bompengefinansiering. Alle tal i 2020-kr.
  • Planlagt byggjestart: Haust 2023

Fakta om strekninga E134 Vågslid - Seljestad

Ny stamveg E134 Vågsli – Seljestad vi gi betre vegstandard og vinterregularitet, korte ned køyrelengda med ca.11 km. Ny veg vil redusere stigningsforholda, auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.

  • Strekninga Vågsli – Seljestad er knappe 45 km.
  • For ny E134 på Vågsli – Seljestad er det lagt til grunn ÅDT på 3 700 kjøretøy i 2050 for dimensjonering av vegen.
  • Austre parsell omfattar vegstrekninga Vågsli – Røldal med Kjelatunnelen, Haukelisetertunnelen og Dyrskartunnelen.
  • Vestre parsell omfattar strekninga Røldal – Seljestad med Røldalstunnelen.
  • Prosjektet vil verte gjennomført i tre byggjetrinn:

Byggjetrinn 1, vestre parsell, E134 Røldal - Seljestad
Byggjetrinn 2, austre parsell, E134 Vågsli – Røldal
Byggjetrinn 3: Tunnelløp 2, Dyrskartunnelen og Røldalstunnelen