Den 15. mai blir det eit ope folkemøte i samband med detaljregulering for E134 Vågsli–Seljestad. Planen for E134 Vågsli-Fylkesgrensa, ein delstrekning på prosjektet E134 Vågsli-Seljestad, er no ute til offentleg ettersyn.

  • Folkemøte om E134 Vågsli–Fylkesgrensa 15. mai kl. 18:00. Haukeli hotell, Hauganvegen 1, 3895 Edland.
    Her blir prosjektet presentert av Statens vegvesen og Vinje kommune. Statens vegvesen vil legge fram planane og orienterar om grunnerverv.
  • Kontordag 16. mai frå 09.00-11.00: Haukeli hotell, Hauganvegen 1, 3895 Edland.
    Statens vegvesen tar imot henvendigar om prosjektet.