Det faste utval for plansaker i Odda kommune vedtok i møte den 27.02.08 at forslag til kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing (KU) for E134 Vågsli - Røldal - Grostøl skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Frist for merknader er 12.05.08 skriftleg til Odda kommune, Teknisk forvaltning, Opheimsgt. 31, 5750 Odda.

Plan- og miljøutvalet i Vinje kommune vedtok i møte 12. mars å leggja kommunedelplan for strekninga i Vinje kommune ut til offentleg ettersyn. Merknader til planutkastet skal sendast til Vinje kommune, Økonomi, Plan og Utvikling, 3890 Vinje innan 17.05.08.

Planmaterialet er tilgjengeleg under menypunktet "Planar".