Vinje og Odda kommune har som planmyndigheit slutta seg til at Statens vegvesen sitt framlegg til planprogram kan leggjast ut til offentlig ettersyn og sendast på høyring.

Føremålet med prosjektet er å styrke E134 som eit av hovudvegsambanda mellom aust- og vestlandet og løyse utfordringane knytt til vegen i dag. Ny vegtrasé for E134 Vågsli – Seljestand vil korte ned køyrelengda med ca.11 km, betre stigningsforholda, auke trafikktryggleiken, auka framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.

Planprogrammet inneheld opplysningar om rammer for konsekvensutgreiinga (KU) for deponi og for arbeid med reguleringsplan. I tillegg finn ein opplysningar om vidare planprosess, planområdet, lokalisering av massedeponi og utgreiingstema.

Planprogram og kart med plangrenser er tilgjengeleg her

Varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplan

Statens vegvesen har også sendt ut varsel om oppstart av arbeid med reguleringsplanen for strekninga E134 frå Vågsli i Vinje til Seljestad i Odda. Når reguleringsplanen er ferdig, vil den gje svar på plassering og utforming av framtidig veganlegg, samt sikre areal til gjennomføring av prosjektet.

Høyringfrist 8.januar 2017

Høyringsuttale/merknader til planprogrammet og/eller oppstart av arbeid med reguleringsplan skal sendast til:
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER, eller e-post: firmapost-vest@vegvesen.no.

Merk e-post og/eller brev med «saksnummer 16/74696». Frist for høyringsuttale er 20. januar 2017.

Statens vegvesen vil gå gjennom mottekne høyringsuttalar/merknadar, samanfatte og utarbeide sjølve planframlegget, som vil bli sendt til Odda og Vinje kommunar for sakshandsaming. I den samanheng vil Statens vegvesen sende ut invitasjon til folkemøte for å presentere forslag til detaljert reguleringsplan der det blir høve til å gje innspel til planen.