To alternativ for krysset mellom Solfonn og Løyning.To alternativ for krysset mellom Solfonn og Løyning.

Statens vegvesen ønskjer å avklare ei løysing i krysset på E134 mellom Solfonn og Løyning på bakgrunn av høyringsuttalar som kom inn til planforslaget i 2018. Det vert difor lagt fram to alternativ til ei avgrensa høyring.

Dei to alternativa er tilnærma like trafikalt, men råkar ulike område og får noko ulike verknader for landskap, kulturminne og kulturmiljø, og eigedomsinngrep. Begge alternativa vert vurdert å vere betre enn opphavleg planforslag som låg til offentleg ettersyn i 2018.