Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge ny E136 mellom Flatmark og Marstein. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningslova.

Plandokumenta

Geografisk avgrensing av planområdet, og planprogrammet som avklarar kva som skal utgreiast i planprosessen, er tilgjengelige under "Last ned" nederst på denne sida.

Grensene for planområdet blir snevra inn etter kvart som vi konkretiserer aktuelle løysingar. Det blir sendt brev direkte til grunneigarane innanfor planområdet og andre høyringsinstansar.

Informasjonsmøte

Det blir arrangert ope informasjonsmøte om planarbeidet torsdag 21. mars kl. 18-20 i kommunestyresalen på rådhuset i Rauma

Innspel

Vi ber om å få oversendt eventuelle innspel til varsel om oppstart av regulering og planprogrammet skriftleg innan 23. april 2019 til:

Spørsmål kan rettast til: