Strekninga Flatmark–Monge–Marstein er ca. 8,3 km lang og ligg på stamvegrute 6d (E136) som går frå Dombås til Ålesund. E136 mellom Dombås og Ålesund er den viktigaste vegforbindelsen mellom det indre Austlandsområdet og dei sentrale delane av Møre og Romsdal.

Strekninga Flatmark–Monge–Marstein er i dag ein flaskehals fordi den har for smal vegbreidde (6,5 m) og har til dels svært dårleg horisontalkurvatur. I tillegg er det høgderestriksjonar i ein jernbaneundergang på Skirimoen.

Hovudmålet for utvikling av stamvegen er å få redusert reisetid og lågare ulykkesrisiko. Særlig viktig er redusert reisetid og sikre god regularitet for langdistansetransportane, enten det gjeld gods- eller persontransport. Sidan vegen er ei hovudtransportåre, er det eit mål å få fri høgde på 4,5 meter.

Gjennomsnittlig trafikkmengde på strekninga er ca. 1800 kjt/døgn, og tungtrafikkdelen er ca. 28 %. Sommardøgntrafikken (SDT) er ca. 3000 kjt/døgn.

Trafikkulykkene på strekninga skjer i hovudsak i forbindelse med dei krappe kurvene og undergangen på Skirimoen. I perioden 2009–2016 er det registrert 6 ulykker med personskade og ei dødsulykke på den aktuelle strekninga. Oversikt over alle ulykkene viser at dei fleste skjer i svingane mellom Flatmark og Skiri, ved jernbaneundergangen på Skiri og på Marstein.

Kommunedelplanen med konsekvensutgreiing for ny E136 Flatmark–Monge vart vedtatt i 2008. Reguleringsplanen for ny E136 Monge-Marstein vart vedtatt i 2003. Den sistnemnde planen er utgått på dato og gir ikkje lenger grunnlag for ekspropriasjon.

Vegstandard:

Vegen blir planlagt med eit køyrefelt i kvar retning. Vegen vil bli 9,0 m brei og skal dimensjonerast for ei fartsgrense på 80 km/t.