Strekninga mellom Skromle bru og rasteplassen i Åsbrekkegjelet er smal og utan gul stripe, med svake vegskuldrar og mange utforkøyringar. Risikoen for møteulukker er også stor då det er smalt mellom rekkverka.

Forsterka midtoppmerking (FMO) har vist seg som eit særs effektivt og rimeleg tiltak mot møte- og utforkøyringsulukker.

På bakgrunn av dette vil ein no breiddeutvide vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking. Tiltaket medfører utviding av dagens veg over ca. 3 km.

Størstedelen av planen består av nødvendig langsgåande utviding på oversida av dagens E16, kurveutbetring og omlegging av avkøyrsler der det er naudsynt. Det skal også vurderast skredsikring av to kjente skredpunkt, Rinden sør og nord og Bjørkeli sør og nord, som tidvis er utsett for sørpeskred.

Då dagens E16 ligg langs Strandaelvi, som er del av det verna Vossovassdraget, er ei av hovudutfordringane til prosjektet nærføringa til naturvernområde. Den høge skjeringa Kvarmakløvet er også ei av utfordringar med tiltaket. Planarbeidet skal ha særskilt fokus på tilhøvet til verna vassdrag, flaum og skred, i tillegg til trafikktryggleik.

Vurdering av KU-plikt

Statens vegvesen har i samråd med Voss kommune vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing innan fagtema kulturarv. Parallelt med E16 innan planområdet ligg Kongevegen som gjekk mellom Bergen og Christiania. Kongevegen er i dette området ikkje registrert i detalj, og ein har såleis ikkje fullstendig oversikt over kor den er bevart og kor intakt den er i heile området.