Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Fristen for høyringa var 6. juli. I svara kjem det fram mellom anna at ein del er mindre nøgd med at Trengereid stasjon forsvinn, og at dei er i mot sjødeponi. Mange er og positive til at det skal regulerast to alternativ i Vaksdal, og dei vil ha veg i Tolåsen.

-Føremålet med høyringa av planprogrammet har vore å få innspel på om opplegget for det vidare planarbeidet ser fornuftig ut. Planprogram er ei slags oppskrift på korleis ein skal lage ein arealplan. Det viktigaste i eit planprogram er å skildra dagens situasjon i planområdet, visa dei alternativ ein skal lage reguleringsplan for, kva tema som skal konsekvensutgreiast samt framdrift og opplegg for medverknad og informasjon, seier planleggingsleiar Idar Reistad i Statens vegvesen.

Han fortel at svara som er kome inn er frå 39 privatpersonar og grunneigarar, 15 frå interesseorganisasjonar, lag og næringsliv, og14 frå kommunar og andre offentlege instansar.

Går gjennom svara

-Vegen vidare no er at vi vil saman med BaneNOR gå gjennom alle merknadar, gje kommentarar og eventuelt kome med forslag til endringar i planprogrammet. Sidan dette er ein statleg plan, så går dette vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som vedtek planprogrammet forhåpentlegvis før årsskiftet. I vanleg planprosess er det kommunen som er planmynde, seier han.

Alt blir vurdert

Han seier at alle høyringssvar vert registrert og vurdert. Viktige innspel kan bli innarbeidd i endeleg planprogram eller svart ut seinare i planprosessen, og alle svar blir vurdert og svart ut i eit eige merknadsdokument.


-Det er viktig i ein god planprosess at mange kjem med merknader og innspel. Det viser engasjement, og at mange er oppteken av prosjektet. Det kan vere vi får inn viktige opplysningar som vi kan bruka i det vidare planarbeidet, eller gode tips vi ikkje har tenkt på. Dette er særleg viktig for bebuarar prosjektet får direkte konsekvensar for. Vi kan ikkje lova at alle får gjennomslag for sine ønskjer, men likevel viktig at folk seier kva dei meiner sjølv om dei er ueinig i mange ting, seier Reistad.

Aktuelt for fylke(r): Vestland