Framdrifta i prosjektet

Prosjektet er i full gang med å detaljere den statlege reguleringsplanen som venteleg vil vere klar til høyring til hausten. Etter høyringsperioden skal Kommunal- og Moderniseringsdepartementet godkjenne planen, og det er håp om at vedtaket kan kome om cirka eitt år frå no, i februar 2021.

I samband med høyringa til reguleringsplanen vil det bli nye folkemøte og også opne kontordagar der folk kan kome og snakke med prosjektleiinga.

Støynivå i byggeperioden og frå ferdige anlegg

Det er utarbeidd støysonekart for både byggeperioden og forventa støy frå den ferdige E16 og jernbana. Støykonsulent Marita Sørbø frå Rambøll-Sweco la fram karta med berekningane, og fortalde om kva tiltak ein kan sette i verk for å bøte på for høge støyverdiar.

Byggeperioden vil bli ei utfordring, og for nokre husstandar kan det bli naudsynt å flytte midlertidig under bygginga. Dette vil til dømes truleg gjelde barnehagen på Stanghelle. Til gjengjeld vil støysituasjonen på Stanghelle bli betre enn han er i dag når vegen og bana står ferdig, fordi  hovudvegen E16 skal gå i tunnel inne i fjellet forbi bygda slik at gjennomgangstrafikken forsvinn. Det meste av den nye jernbanestasjonen vil òg bli effektivt skjerma med støyskjermar.

På spørsmål om byggetid opplyste prosjektleiinga at ein truleg vil halde på i om lag to år på Vaksdal og 3,5 år på Stanghelle.

Handtering av massar

Heile 96% av traseen til prosjektet er tunnelar, og tunnelbygginga vil gi 11 millionar kubikkmeter med steinmassar. Prosjektleiar Gunnar Søderholm illustrerte mengda dette utgjer med at det er nok stein til å fylle 329 bergenske rådhus eller den egyptiske Kheops-pyramiden fire gongar.

Prosjektet arbeider parallelt med fleire alternativ for å bli kvitt massane, og kartlegg mellom anna egna plasser langs sjøen for utskiping via flytande kaianlegg.     

Et samfunnsnyttig alternativ som blei nemnd, er Bergen kommune sine planar om å utvide hamneområdet i Dokken.

Plassering av stasjon

Arkitekt Alf-Anders Langhelle frå konsulentfirmaet Rambøll-Sweco viste illustrasjonar av jernbanestasjonane og plasseringa av dei frå 3D-modellen til prosjektet.

Han presiserte at det ikkje er stasjonar i den tradisjonelle forståinga av ordet med stasjonsbygningar,  men plattformer, spor, tilkomst og parkering.

På Vaksdal blir to alternativ utgreidd: Det såkalla B1-alternativet der vegen og jernbanestasjonen ligg parallelt og tett saman, og B2 der vegen går oppe i Tolåsen medan stasjonen ligg på oppsida av noverande E16. På Stanghelle skal stasjonen ligge i området som heiter Døso.

Innløysing av hus

Eit viktig spørsmål for fleire huseigarar på både Vaksdal og Stanghelle er kor tid prosjektet vil løyse inn bustadene ein må rive eller som folk må flytte frå i byggeperioden

Prosjektleiinga svarte at dette kan skje når reguleringsplanen er godkjent og vi har fått avgjerd om investering frå myndigheitene.

Veka etter var det folkemøte i Arna og på Trengereid.

Presentasjonane frå folkemøta finner du nedst på sida.