For snautt eit år sidan samla Statens vegvesen og Bane NOR entreprenørbransjen til «marknadsdialog» om E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle-prosjektet. Målet var å gjere bransjen kjend med prosjektet og få innspel til arbeidet med kontraktstrategi.

På sjølve dagen var 20 store norske og utanlandske entreprenørar til stades i salen. I tillegg til dialog på den aktuelle dagen, kunne entreprenørane melde seg til ein-til-ein samtale med prosjektet for å gje innspel til prosjektet og kontraktstrategien.

- Vi har hatt ein-til-ein samtalar med 15 entreprenørar. Det har vore gode diskusjonar og innspel til arbeidet med kontraktstrategi, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Snart i mål, men Covid-19 gir forseinking

På marknadsdialog-dagen blei det kommunisert at avgjerd om kontraktstrategien ville vere på plass i andre kvartal 2020. På grunn av Covid-19-situasjonen, og behov for ekstra utgreiingar, vil avgjerd om val av kontraktstrategi vere godkjent tidlegast i fjerde kvartal 2020. Tidspunkt for når kontraktstrategien kan bli presentert for marknaden er fortsett ikkje satt. Invitasjon til eit nytt marknadsmøte blir annonsert på nettsida til prosjektet.

- Når kontraktstrategien er godkjend, og vi har fått naudsynte avklaringar om vidare arbeid med prosjektet, vil vi på nytt invitere bransjen til marknadsdag for å presentere kontraktstrategien, seier Søderholm.

Er du entreprenør og har spørsmål om arbeidet med kontraktstrategien, ta kontakt med:

Julie Gjellesvik Sønnervig, kontraktrådgjevar i Bane NOR
Epost: sonjul@banenor.no 
Tlf: +47 908 09 118