Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

-Vi er nøgde med responsen vi har fått så langt, seier Olav Lofthus som er planleggar på E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle.

Før ferien var prosjektgruppa aktive med å søke interessentar som kunne ta i mot store steinmassar.

-Vi sendte ut brev, lyste ut, annonserte i aviser og har vore i media med spørsmål til omverda om nokon var interessert, seier Lofthus. 

Store mengder

-Ein del av bodskapen var å få fram storleiken på det heile då vi snakkar om 10 millionar kubikk med stein. Dette utgjer fire Kheops-pyramidar, eller at vi kunne fylt Bergen rådhus 329 gonger. Det betyr at vi søker ikkje dei som vil ha eit trillebårlass, seier han. 

Fleire på blokka

I dag har han ganske mange interessentar på blokka, men det er enno ikkje for seint å melde seg.  Vi har forlenga fristen til 2. desember, seier Lofthus. 

-Dei som er interesserte i så mykje stein har sjølvsagt ein større plan med kva dei skal bruke den til.  Vi jobbar aktivt med å legge til rette for steintransport på sjø, noko som har utvida horisonten vesentleg i forhold til aktuelle mottakarar.  Vi er difor glade for at fleire store aktørar, både offentlege og private, har meldt interesse basert på dette.  Vi er også i dialog med fleire større selskap som driv med steinknusing og -foredling. I tillegg har vi også fått inn ein del interessemeldingar frå kommunar, selskap og enkeltepersonar som ynskjer stein til å utvikle næringsareal, jordbruksareal mv.  

- Målet utover hausten er å inngå intensjonsavtalar med dei som er mest gunstige og interessante for prosjektet, seier han.

Aktuelt for fylke(r): Vestland