Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Prosjektgruppa ventar framleis på at styringsmål og planprogram skal vedtakast. I mellomtida så går arbeidet med reguleringsplanen framover.

-Vi er no i den fasen vi kallar skissefase. Her driv vi med optimalisering av veg- og banetraséar som er det mest omfattande. Parallet med dette er vi i gong med å få på plass rømmingskonsept mellom veg og bane, og finne eigna massedeponi for tunnelstein som vi skal ta ut frå prosjektet når bygginga er i gong. I desse dagar har vi gått ut i markedet og søkjer etter interessentar som kan tenkje seg å ta i mot tunnelstein, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Han seier vidare at dei før jul skal få på plass eit forprosjekt.

- I dette arbeidet skal vi ta stilling til ei rad tekniske problemstillingar som eit slikt fellesprosjekt omfattar. Statens vegvesen og Bane NOR skal her jobbe saman med konsulenten Rambøll – Sweco ANS. Det er ein stor jobb og vil involverer heile 30 fagområde, sier Søderholm. Før jul vil prosjektgruppa ha ei ny runde med informasjonsmøte der dei skal presentera dei ulike løysingane for folk.

Første halvår 2020 ser han for seg å få på plass ein teknisk detaljplan og forslag til reguleringsplan som dei  håpar blir lagt ut på høyring til sommaren 2020. Det er imidlertid Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) som til sjuande og sist bestemmer.

- Klarar vi å halde denne framdrifta skal det vere mogleg å ha på plass ein godkjent reguleringsplan innan årsskifte 2020/21, seier han. 

Arbeid med reguleringsplanen

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland