Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Ein rekke deltakarar var samla på Voss denne veka for å snakke om framtida til prosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle.

Det var interessefellesskapet Vossaløysinga AS som stod bak møtet på Voss torsdag 24.september. På agendaen var framdrift og framtida til planprosjektet. For anledninga hadde samferdselsminister, Knut Arild Hareide, i tillegg til stortingspolitikarar, lokalpolitikarar, brukar – og interesseorganisasjonar, media og andre samferdselsinteresserte, tatt turen.

Medan politikarar og organisasjonar hadde samla seg for å overlevere eit tydeleg bodskap til samferdselsministeren om å få K5-prosjektet inn i fyrste del av Nasjonal Transportplan (NTP), var prosjektleiinga frå Statens vegvesen og Bane NOR på plass for å orientere om status i planleggingsarbeidet. 

 

Fullsatt sal Vossaløysinga

Kor er me – og kva skal til for å kome vidare?

- Kjekt å komme hit og presentere status i prosjektet. Når eg ser utover salen er det tydeleg at dette, er eit ynskja prosjekt, og det er jo motiverande for oss som arbeider med dette kvar dag, seier prosjektleiar for K5, Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Saman med Hans-Egil Larsen, prosjektdirektør Utbygging Vest/Midt i Bane NOR, orienterte han om kor arbeidet med reguleringsplanen står. Søderholm gjekk gjennom utgangspunktet for prosjektet, planforslaget, og gevinstane ved å gjennomføre K5 som eit fellesprosjekt (presentasjonen kan du sjå til høgre).

- Vi er no i sluttfasen med å reguleringsplanarbeidet. Sidan dette er ein statleg plan skal planforslaget i fyrste omgang sendast til Samferdselsdepartementet og Kommunal – og moderniseringsdepartementet for vidare behandling, seier Søderholm.

Anleggstart kan vere mogeleg allereie i 2023/2024 viss ein får vedtak om godkjent reguleringsplan ila fyrste halvdel av 2021 og løyvingar til førebuande arbeide fram mot bygging. Viss midlar til videre arbeid blir utsett, vil oppstart av anleggsfasen tidlegast skje i 2025/2026.

Larsen peika på de mange utfordringane som pregar jernbanestrekninga i dag, og kor viktig strekninga er for transport av gods og turisme. Ikkje minst vil utbygginga gje ein meir effektiv og trygg bane.

- Dette er eit prosjekt vi er sterkt samla om, og vi er klare for oppgåva. Vi ser fram til den vidare debatten om dette prosjektet, avslutta prosjektdirektør Hans-Egil Larsen i Bane NOR.

 

Gunnar Søderholm og Hans-Egil Larsen

 

Klar oppmoding frå ministeren: Hald fram med planleggingsarbeidet

Samferdselsministeren lovprisa og takka for engasjementet frå salen, og ikkje minst prosjektleiinga for det arbeidet dei to fagetatane har lagt ned. Ministeren ville ikkje gje nokre lovnadar om prosjektets framtid, då det vil vere del av den vidare NTP-prosessen. Samstundes kom det ei tydeleg bestilling frå ministeren om å halde fram med arbeidet slik at det ligg klart eit godt planverk når politikarane skal ta avgjerd om løyvingar i NTP.

 

Samferdselsminister hareide Vossaløysinga

 

Den neste milestopla for prosjektet er oversendelse av forslag til reguleringsplan i oktober.

Aktuelt for fylke(r): Vestland