Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

I samband med oppstart av statleg reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle, blir no planprogram og silingsrapport lagt ut til offentleg ettersyn i kommunane Bergen, Vaksdal, og Osterøy. Statens vegvesen og Bane Nor ber om innspel til arbeidet.

Tilrådde alternativ

Tilrådd alternativ for jernbane går frå Arna stasjon, i tunnel derifrå direkte til ny stasjon ved dagens senter i Vaksdal. Vidare går jernbanen i tunnel frå Vaksdal til ny stasjon sentralt plassert på Stanghelle og koplar seg på dagens jernbane, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Vidare seier han at tilrådd alternativ for E16 er fire felt i to tunnelar frå Arna ved ASKO til Trengereid.

- På Trengereid vert det nytt kryss der dagens rundkøyring med fylkesveg 7 ligg. Vidare går E16 i ein tunnel med to vegs trafikk til Vaksdal. Der vert det ei kort dagsone som ligg sentralt i Vaksdal og kryss med ramper i fjell. I Vaksdal skal det og utgreiast eit alternativ der vegen går i dagsone i Tolåsen. Frå Vaksdal går ny E16 i tunnel til Helle der den koplar seg til dagens veg, seier Søderholm.

Tar i mot innspel innan 6. juli

- Grunneigarar og berørte partar vert invitert til å koma med synspunkt og innspel til planprogrammet og planarbeidet innan 6. juli 2018, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

- Alle merknader og innspel vil fylgje saka vidare og vere ein del av grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplanforslaget. Det vert også høve til å gje innspel seinare i planprosessen, når eit konkret forslag til reguleringsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn, seier Søderholm.

Merknader og innspel kan sendast skriftleg til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller på e-post til; .

Forslag til planavgrensning, planprogram og silingsrapport vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 27. april til 6. juli 2018 på fylgjande stader:

  • som vedlegg på denne siden "planprogrammet",
  • Bergen kommune, Innbyggerservice Kaigaten 4,
  • Vaksdal kommune, bibliotekfilial på Vaksdal og Coop butikken på Stanghelle,
  • Osterøy kommune, Osterøy rådhus og
  • Statens vegvesen Region vest, resepsjonen Nygårdsgaten 112.

Informasjonsmøter

I samband med start på planarbeidet vil vi saman med BaneNOR invitere til informasjonsmøter på følgande stader:

  • Arna i Ljoshall, 14. mai kl. 19.00
  • Trengereid forsamlingslokale, 15. mai kl. 19.00 
  • Vaksdal senter, samfunnssal, 23. mai kl. 19.00
  • Stanghelle skule, 24. mai kl. 19.00

Mogleg byggestart i 2022

Sidan dette er ein statleg plan er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er planmynde og skal vedta planen. Kommunane er høyringspartar.

- Vi arbeider ut frå ein tanke om at reguleringsplan blir vedtatt hausten 2020. Planen skal så gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2) og detaljprosjektering, slik at mogeleg start på anleggsarbeid er 2022. E16 Arna- Trengereid er det mest aktuelle første byggetrinnet, seier Søderholm.

Kontakt

For meir informasjon om planarbeidet på E16 og Vossebanen ta kontakt med:

  • Statens vegvesen  v/ Gunnar Søderholm tlf. 95 25 97 09, e-post:
  • BaneNOR v/ Kjell Roar Nordvik tlf. 98 21 00 03, e-post:       

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland