Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Fellesprosjektet E16 Vossebanen Arna – Stanghelle har gjennom eit forprosjekt gjennomført ei omfattande siling av alternative løysingar for veg og jernbane innanfor K5-konseptet frå konseptvalutgreiinga.

Denne silingsrapporten er snart klar og ville vere med å gi grunnlaget for kva alternativ som det skal lagast statleg reguleringsplan på.

-Basert på silingsrapporten sine tilrådingar vert det laga eit planprogram som skal ut på høyring. Sidan det er statleg plan er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som legg ut planprogrammet og varslar start på reguleringsplanarbeidet, seier Gunnar Søderholm som er prosjektleiar for E16 Vossebanen i Statens vegvesen.

Han seier vidare at prosjektet er i ein fase der dei arbeidar med ulike alternativ.

-Status no er at vi vil tilrå den hovudløysinga som ligg i vedlagte skisse, figur 1, med det er viktig å understreke at alle detaljar enno ikkje er på plass, seier han.

Vegdirektoratet (VD) har gjennom fråvikshandsaminga akseptert at løysing for ny E16 krev ein god del fråvik frå vegnormalane, og at både «vanlege» og svært spesielle kryss i tunnel her må tillatast.

Kva er fråvika?

-Hovudløysinga betyr tre lange tunnelar der alle er mellom 9 og 10 kilometer. Fartsgrense vert 90 km/t mellom Arna og Trengereid, og 80 km/t vidare austover. Prinsippfråvika som er gitt inneber fire halve av- og påkøyringsveger i tunnel med god avstand. Dette står fram som einsarta kryssløysingar for trafikantane. For å få godkjent dette må fartsnivået for lette/tunge køyretøy være mest mogleg jamt. Det betyr at stor stigning kombinert med av- og påkøyringsveger ikkje blir tillatt. Dette gjeld særleg aust for skiljet med fv.7 på Trengereid der E16 bli bygd som eitt-løps tunnel. På Vaksdal er det godkjende prinsippet av- og påkøyringsveger som vert knytt til nye rundkøyringar inne i Bogetunnelen og Jamnatunnelen, slik som krysset i Vallaviktunnelen ved Hardangerbrua, seier Søderholm.

Grunna branntryggleik krev denne spesielle løysinga 200 meter med veg i dagen på Vaksdal. Vegdirektoratet kan altså ikkje godta løysingar med til dømes ein svært lang tunnel som passerer Vaksdal utan å gå ute i dagen. I Konseptvalutgreiinga (KVU) i 2014 var det føresett kryss i dagen på Vaksdal, og det at ein no får av- og påkøyringsveger  i fjell betyr mindre omfattande vegløysingar i dagen enn det ein tidlegare såg føre seg. Vest for skiljet med fv.7 på Trengereid vil E16 vere ein to-løps tunnel med av- og påkøyringsveger av typen vi kjenner frå mellom anna Ringveg vest i Bergen.

Må nokon hus fjernast?

For å på plass til den nye vegen vil denne kome i konflikt med nokre bustader og andre bygg både i Arna, Vaksdal og på Stanghelle, men det er for tidleg å gå ut med detaljar på dette no

Kva skjer framover?

  • Silingsrapport vert ferdigstilt mai 2017
  • Planprogram vert sendt over til Vegdirektoratet/ KMD i løpet av juni 2017.
  • KMD varslar start på reguleringsplan og legg ut planprogrammet til offentleg høyring hausten 2017.
  • Høyringsrunde på planprogram med lokale informasjonsmøter hausten 2017.
  • Planprogrammet vert vedteke av KMD
  • Arbeide med reguleringsplan (2017-2019)
  • Kvalitetssikring (KS2) i 2020
  • Prosjektering og førebuande arbeide før bygging frå 2020.

 

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland