Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

I samband med arkeologiske registreringar knytt til planane om ny E16 ved Espeland utanfor Bergen, ble det før helga gjort det største gullfunnet frå forhistorisk tid på Vestlandet på over 50 år.

Det var arkeologar frå Vestland Fylkeskommune som plutseleg såg at det glimta i sjakta dei arbeide i. Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen vart tilkalla, og saman undersøkte arkeologane nøysamt det spanande funnet. Dei hadde gravd fram ringar av betalingsgull frå eldre jernalder!

I følge Universitetsmuseet har gullfunnet ein totalvekt på 156,6 gram og består av sju ulike ringar festa til ein stor oval løkkeforma ring.

Betalingsringar

Dei kan fortelja at slike type gullringar er betalingsringar, og viser tilbake til en tid lenge før pengeøkonomien. Ved behov kunne man klippe av en bit, og vekta på avklippet bestemte verdien. Betalingsringar av denne typen daterast til yngre romartid (200-400 e.Kr) og folkevandringstid (400-550 e. Kr). 

Grunnen til at arkeologar frå Vestland fylkeskommune grev på Espeland er Statens Vegvesen sin reguleringsplan for E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle. I samband med reguleringsplanen må tilhøvet til automatisk freda kulturminne avklarast på førehand, jf. § 9 i kulturminnelova.

Les meir om funnet hos Universitetsmuseet

Bilde tatt av Universitetsmuseet i Bergen etter rensing av gullet. Foto: Adnan Icagic, Universitetsmuseene i Bergen
Aktuelt for fylke(r): Vestland