Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen og Bane Nor skal i samarbeid lage ein statleg reguleringsplan for Vossebanen og E16 mellom Arna og Stanghelle. I ettertid er det kome fram behov for utviding av plangrensa i Arna, Trengereiddalen (Bergen kommune) og Dalehagen (Vaksdal kommune).

Oppstart av planarbeidet starta 26. april 2018.

Meir plass til rigg

-Grunnen til utvidinga er behov for meir areal til massedeponi og riggområde. På Dalehagen vil utvidinga omfatte eit jordbruksareal med mogeleg bruk til rigg- og deponiområde. Det må og etablerast ny tilkomst frå dagens E16, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Gang- og sykkelveg til Gullbotn

Vidare vil det vere behov for utviding i Trengereiddalen.

-Her vil utvidinga omfatte krabbefelt og gang- og sykkelveg til Gullbotn. I anleggsfasen kan det og vera snakk om midlertidig riggområde og knuseverk. I tillegg vil ein sjå på om det er mogeleg og etablere deponi i Vestredalen som ligg like vest for dagens fylkesveg 49, seier prosjektleiaren.

Han fortel at i Arna vil utvida plangrensa og omfatte Espelandsmarka sør.

-Her er det snakk om bruk til midlertidig riggområde. Espelandsmarka er i ny kommuneplans arealdel 2018, avsett til næring, industri og lager. Området vil derfor bli permanent regulert til desse føremåla når anlegget er avslutta, seier han.

-I tillegg ynskjer vi å sjå på om Tangelandsheiane kan nyttast som massedeponi. Her kan det og vera snakk om etablering av nytt landbruksareal som erstatning til Espelandsmarka. Mogeleg tilkomst vil vera frå fylkesveg 587 via BKK/Statsnett sin tunnel til trafostasjon eller vegen opp til Arnatippen, seier Søderholm.

Vil ha innspel

No ber prosjektgruppa om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 24. januar 2020.

Send det skriftleg til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller på e-post til:

Har du spørsmål kan du også kontakte:

  • Gunnar Søderholm på telefon 95 25 97 09, epost:
  • Idar Reistad på telefon 41 65 20 62, epost:
Aktuelt for fylke(r): Vestland