Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Vegdirektoratet har no godkjent fråvika på Trengereid og Vaksdal. Silingsrapporten er difor no klar og gjort offentleg.

Prosjektleiar Gunnar Søderholm seier at dette er gjort i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som er planmynde på denne statlege reguleringsplanen.

-Det er særleg krysset på Trengereid som har vore utfordrande for å få til ei god og trafikksikker utforming. No har vi ei løysing som Vegdirektoratet gir fråvik på – og det er vi svært nøgde med, seier han.  

Sett på mange løysningar
Han fortel at silingsrapporten har ein omfattande gjennomgang av ulike løysningar på strekninga mellom Arna og Stanghelle. 

- Vi har sett på mange ulike løysningar på strekninga, og arbeidet har vore utfordrande. Det har difor vore naudsynt å ta ei grovsiling og til slutt ei finsiling på ulike alternativ. Resultatet av dette arbeidet er at vi no sit att med eit gjennomgåande alternativ frå Arna til Stanghelle på veg og bane. Det er dette alternativet vi tilrår det blir utarbeidd reguleringsplan for, seier Søderholm.

Alternativ for jernbane
Tilrådd alternativ for jernbane går frå Arna stasjon i tunnel med dobbeltspor direkte til ny stasjon i dagen nær E16 på Vaksdal. Vidare i tunnel frå Vaksdal til ny stasjon sentralt plassert på Stanghelle, og tilknyting til dagens spor like nord for Dalevågen.

Alternativ for veg
Tilrådd alternativ for E16 er fire felt i tunnel i ny trasé frå Arna ved ASKO til Trengereid. På Trengereid vert det etablert fullt kryss med vestvendte og austvendte tunnelramper i fjell. Vidare med to felt i tunnel frå Trengereid til Vaksdal. På Vaksdal blir det ei kort dagsone parallelt med ny jernbanestasjon, og lokal tilknyting med to halve kryss i fjell. Frå Vaksdal går vegen i tunnel til Helle der E16 koplar seg til dagens veg. Reguleringsplanen som no skal utarbeidast må ta høgde for areal både til midlertidig tilknyting ved endepunkta, og eit framtidig fullt utbygd vegsystem.

Tilrår ikkje Tolåsen
-På Vaksdal har vi utarbeidd eit alternativ med E16 om Tolåsen. Det er gitt fråvik på løysinga, men den vert dyrare enn løysinga vi tilrår å gå vidare med. Med det presset vi har på kostnader i dette prosjektet kan vi ikkje tilrå denne løysinga. Dette er vår faglege tilråding så får vidare planprosess avgjere om løysinga likevel skal utgreiast, seier han, og legg til at det blir opp til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som planmynde å avgjere.

Planprogram til godkjenning
Prosjektleiaren seier vegen vidare er at planprogrammet vil vere ferdig i løpet av november, og bli sendt til godkjenning i Vegdirektoratet og vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som vil legge planprogrammet ut på høyring. Vedteke planprogram er grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplan.

Her kan du sjå silingsrapporten.

 

 

                       

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland