Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

I dei opphavelege planane venta prosjektleiinga vedtak av planprogrammet hausten 2018. Planprogrammet, som skal vedtakast av Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD), er enno ikkje vedteke.

Styringsmål for prosjektet

-Dette skuldast at det samtidig skal fastsetjast styringsmål for prosjektet. Styringsmålet er dei økonomiske rammene prosjektet må retta seg etter, og som  Samferdselsdepartementet skal  vedta, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm. 

-Før jul blei det gjort eit nytt kostnadsoverslag ut frå den detaljkunnskapen vi no har om løysingane. Dette er sendt på kvalitetssikring og vil om ikkje lenge bli  sendt over til Samferdselsdepartementet for godkjenning. Når styringsmålet er på plass vil truleg planprogrammet bli vedteke kort tid etter, seier han.  

Held framdrifta vidare

Prosjektleiinga har hatt møte med KMD , og konklusjonen er at det er lite som trengs endrast i planprogrammet i høve til det som var ute på høyring.

 -Noko stor praktisk betydning har altså ikkje dette for framdrifta av reguleringsplanarbeidet. Vi kan heller ikkje sjå at det vil påverka tidspunktet for vedtak av endeleg reguleringsplan hausten 2020. Forslag til reguleringsplan og høyring vert då før sumaren 2020, seier  Søderholm. 

I gong med planarbeidet

Prosjektleiaren seier at for å ikkje missa verdifull tid, så er konsulent alt i gong med førebuing av planarbeidet.

-Det går mykje tid med å henta inn eksisterande informasjon og grunnlag. Det er mykje som skal gjerast framover og tidsplanen er stram, så difor er planarbeidet starta opp sjølv om planprogrammet formelt ikkje er vedteke enno, seier Søderholm.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland