Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Denne veka vil Statens vegvesen i samråd med Bergen kommune og Fylkesmannen starte kartlegging av Grimevatn. Her skal ein sjå om det er grunnlag for å starte eit vegprosjekt som skal betre tilhøva for bebuarar, bilistar og ikkje minst for gåande- og syklistar i området.

Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Bane NOR er i gang med planarbeidet for ny jernbane og E16 mellom Stanghelle og Arna. Dette vil omfatta nokså lange tunnelar og store mengder med stein som må plasserast.

Til nyttige føremål
-Planarbeidet skal utgreie kva vi kan oppnå av samfunnsnyttige føremål med denne steinen. Dette kan gå mellom anna på nye utbyggingsområde for næring og bustad. Målet er at minst mogeleg av steinmassane skal dumpast på sjøen utan å bidra til nyttige føremål, seier Kjell Kvåle som er planleggar i Statens vegvesen.

Nye vegløysningar
Han seier vidare at eit av dei nyttige føremåla er knytt til den vanskelege vegstrekninga langs Grimevatnet.
-Her kan det tenkast at store mengder stein kan gi rom for nye vegløysningar som får ein høgare standard enn dagens Grimesvingar, seier Kvåle.

Dei konkrete vegplanane vil koma som ein eigen prosess seinare, og dette blir fremja som planforslag i samsvar med plan- og bygningslova.

- I første omgang er det snakk om avklaring på om deler av Grimevatnet kan vere eigna til utfylling, seier Kvåle.

Kontaktperson:
Kjell Kvåle
Senioringeniør

Tlf: 952 59 789

 

Frå denne båten skal ein kartlegge Grimevatnet. Foto: Charlotte Villanger Nielsen
Aktuelt for fylke(r): Vestland