No skal forslag til planprogram sendast over til Bergen kommune for vidare handsaming.

I samband med dette inviterer Statens vegvesen i samarbeid med Bergen kommune til eit ope folkemøte den 24. januar 2019 kl. 19.30–21.00. NB! Ny møtestad er Åsatun Lagshus, Forvasshaugen 6 på Nyborg.

Som første fase i dette planarbeidet er det utarbeida eit forslag til planprogram som skal fastsetje kva for traséalternativ som skal utgreiast. Vidare set planprogrammet krav til kva som skal utgreiast for å få fram dei tekniske-, miljømessige- og samfunnsmessige konsekvensane for kvart traséalternativ. Planprogrammet skal godkjennast av Bergen kommune som er planmynde.

Føremålet med møtet blir å gi informasjon og svare på spørsmål frå bebuarar og andre i området som vil vite meir om vegprosjektet og planarbeidet.

Det vil bli arrangert nye folkemøte når forslag til planprogram blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Kontakt

Prosjekteigar Statens vegvesen Hege Løtveit, tlf 55516404, epost: hege.lotveit@vegvesen.no

Planprosjektleiar Statens vegvesen Lilli Mjelde, tlf 55516439,epost: lilli.mjelde@vegvesen.no