Det kom inn 19 høyringsuttaler frå offentlege høyringsinstansar og 37 merknader frå private grunneigarar, lag og foreiningar, interessegrupper mm. Statens vegvesen har summert opp og kommentert alle uttale og merknader. Dette er samla i eit notat datert 28.08.2019 med revisjon 28.10.2019 og 25.11.2019 og kan lastast frå sida "Arbeid med kommunedelplan".

Forslag til planprogram er revidert som følgje av innkomne merknader og uttale. I tida etter at planprogrammet vart lagt ut på høyring, har det og vore fleire møte med Vegdirektoratet der vegstandard, fartsgrense, vegbreidder, kryss i tunnel, lengder for på- og avkjøyringsrampar i kryss mm. har vore diskutert. Planprogrammet er og revidert med omsyn til avklaringar med Vegdirektoratet. Omtale av kva som er revidert, finn ein i innleiinga til revidert planprogram «Endringer av planprogram etter høring».

Revidert planprogram vart sendt over til Bergen kommune for slutthandsaming og fastsetjing 05.11.2019.

Sjå alle dokumenta på sida "Arbeid med kommunedelplan"