Skal ein løyse skredsikringsproblematikken i Nærøydalen på ein god måte, og samtidig løyse problemet med eksisterande tunnelar i Stalheimkleivi som ikkje tilfredsstiller krava i Tunnelsikkerhetsforskriften, er ein lang tunnel frå Hylland i Aurland kommune til Fyre i Voss kommune einaste gode løysing.

Reguleringsplan for dette prosjektet vart vedteken i 2016.

I Nasjonal Transportplan er skredsikring av E16 i Nærøydalen inne i andre seksårsperiode, 2024-2029.