Ti entreprenørar leverte tilbod på delstrekning Øye – Eidsbru på E16 Filefjell. No er tilboda kontrollrekna og valet av entreprenør gjort. Strabag AG kom med det lågaste tilbodet, og er tildelt kontrakten.

- Me er veldig glade for å kunne tildele jobben til Strabag AG og bruke deira solide internasjonale erfaring i prosjektet. Det var mange gode tilbod, men Strabag vann på lågaste pris. Me ser fram til eit godt samarbeid med entreprenøren på strekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Kunngjort i går

Det vart sendt ut informasjon til Entreprenørane som var med i tilbodskonkurransen i går, og det er 10 dagars klagefrist. Etter denne fristen er utløpt, vil kontrakten blir underskriven. Arbeidet på Øye – Eidsbru kan starte så snart kontrakten er signert og samhandlingsfase er gjennomført.

Delstrekninga Øye – Eidsbru er den austlegaste biten på E16 Filefjell. Ny trasé tek av frå eksisterande E16 ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru.