- Me er glade for at tilbodsprosessen er starta, og me håpar det er god interesse for å byggje strekninga. Med utlysning no, kan me rekke oppstart på prosjektet i månadsskiftet juni/juli, og Øye - Eidsbru kan stå ferdig i 2018, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Ny tunnel

Den nye traseen tek av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru.

Kontrakta har inne ein opsjon på bygging av strekninga Turtnes-Øye på austsida, dersom finansiering kjem på plass for desse 3,2 kilometrane. Ekstrastrekninga vil sikre god utnytting av massane frå tunnelen, slik at  massebalansen i prosjektet truleg går opp i opp. Viss ikkje Turtnes – Øye blir blir ein realitet, vil prosjektet ha eit masseoverskot som må leggjast i deponi. Strekninga i opsjonen ventar politisk avgjersle.

Frist i mars

E16 over Filefjell er i dag den sikraste fjellovergangen om du skal mellom aust og vest på vinteren. Ny og betre veg mellom Øye og Eidsbru er austre delstrekning på den store opprustninga av fjellovergangen, som starta med parsellen Eidsbru - Varpe i 2010. Når prosjektet står ferdig i 2018 vil E16 Filefjell vere ein effektiv og vintersikker hovudriksveg mellom Vest- og Austlandet.

Fristen for å levere inn tilbod på bygging av strekninga Øye - Eidsbru er 30. mars.