- Den andre av åtte etappar med dekkestøyp på Strondafjordbrune vart gjort fredag, og me er kome langt med arbeidet i lia over Øye. Det er kjekt å sjå at innsatsen her på Filefjell byrjar å vise att i terrenget, seier prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag.

Han er leiar for den austerrikske entreprenøren sitt første solo-prosjekt i Norge. Utanfor kontorvinduet på Eidsbru kan han no sjå ut over ein 210 meter lang bru som verkeleg er i ferd med å ta form, og ein tunnel som no snart er kome 350 meter inn i fjellet.

Også tunneldrift frå aust

Den drøyt 4 kilometer lange strekninga Øye-Eidsbru er kontrakten lengst aust på E16 Filefjell. Rundt to kilometer av vegen går gjennom Rødølstunnelen som no er under bygging.

- Tunnelarbeidet har gått saktare enn både me og byggherre hadde sett for oss, mellom anna grunna utfordrande geologi. Men no har me jobba oss fram til austre påhogg til tunnelen, og der vil me starte tunneldriving i mai eller juni, slik at me då får drift frå begge endar. Då vil me kunne ta igjen ein del av forseinkinga på tunnelen, seier Mysliwietz.

Rundt juletider kom tunneldrivarane inn i ei sone med lausmassar, og sakte framdrift, sementinjisering og mykje bolting måtte til for å løyse problemet.

- Me hadde eit godt samarbeid med byggherre og ekstern geolog som tok tredjepartskontroll, og eg er stolt over at me kom gjennom den vanskelege sona utan uønska hendingar, seier Mysliwietz.

Store masseflyttingar

Byggeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen seier det no er greve ut rundt 60.000 kubikkmeter med morenemassar ved  austre påhogg til Rødølstunnelen, og massane er lagt i deponi like ved. I tillegg til eigne maskinar, har Strabag leid inn Fosse Maskin frå Vik i Sogn som underentreprenør på graving og masseflytting, og Vestfold Fjellboring har stått for boring og sprenging ute i terrenget. Mellom anna er det sprengt ut ein stor fjellskjering som er rundt 18 meter høg på det meste. No skal dei starte å sprenge austre forskjering til Rødølstunnelen.

Seinare i år skal Strabag bygge ein 150 meter lang betongportal på austsida av tunnelen, før opplagra morenemasse skal flyttast tilbake oppå portalen.

- Framdrifta på veg i dagen og bru er gått fint. No ser me fram til å få tunneldriving også frå austsida av Rødølstunnelen, slik at tunnelarbeidet vil gå kjappare, seier byggeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen.

Wolfgang Mysliwietz seier at dei har fått ein organisasjon som fungerer godt på Filefjell-anlegget.

- Me brukte litt tid for å få teamet på plass, men no er me ein gjeng som fungerer godt i lag, trivest på jobb og er engasjerte, seier Mysliwietz.