- Entreprenøren fekk gjort ferdig arbeidet i tide, ut i frå innvilga fristforlenging. Tunnelen er no utrusta med mellom anna frostsikra hvelving, teknisk bygg, støypte autovern i sidene og dei første laga med asfalt er på, seier byggjeleiar Stein Henry Øvstetun.

Tunnelen er med andre ord klargjort slik at elektroentreprenør kan starte montasje i tunnelen.

Portal ferdig

På utsida av tunnelen er siste støypen på den lange portalen utførd, slik at portal og tunnel er kopla saman. No pågår montering av membran og frostsikringsmatter før masse etter kvart skal lastast opp på portalen, slik at den blir skjult under ein jamn skråning.

På sida mot Eidsbru er også portalen støypt, med unntak av utkraginga heilt på enden. Når det gjeld veg i dagen er Strabag i full gang med bygging og påfylling av massar.

- Me byrjar verkeleg å sjå konturane av ferdig veg i aust, og det pågår også arbeid der ny E16 skal koplas på den gamle. Men samstundes er det mykje arbeid som står att, og me er avhengige av ein mild haust ein god stund til, seier byggjeleiar Øvstetun.

Innsats på Evangsbrune

Etter at den lange portalen var ferdig støypt, set Strabag no betongarbeidarane sine over på Evangsbrune, der det har vore lysdirigering i lengre tid. Brua skal utvidast til full breidde, og det står att å armere og støype overbygning og brudekke. På Strondafjordbrune er rekkverket montert, og ut over hausten skal membran og asfalt leggjast på.

Veganlegget E16 Øye-Eidsbru er planlagt opna til våren 2019, og strekning er den siste etappen på E16 Filefjell-utbygginga.