- Dette var artig å vere med på, og me fekk hol i tunnelen. Heldigvis har det gått bra å ha ein tunnel under bygging som nærmaste nabo, men me har høyrt det godt heile vegen at  dei har jobba inni fjellet, seier Siv Vestrheim, som bur eit kort steinkast utfor tunnelmunningen på Eidsbru i Vang.

Sjølve gjennomslagssalva gjekk litt etter klokka fire torsdag ettermiddag. Holet var ikkje så stort, men tunnelen vart sprengt ut til full profil seinare på kvelden, og då møttes dei to endane i ei fin linje inne i fjellet.

Nøgd austerrikar

Wolfgang Mysliwietz er prosjektleiar for den austerriske entreprenøren Strabag som driv vegprosjektet, og han var godt nøgd med at dei endeleg kunne feire gjennomslag i Rødølstunnelen.

- Eg vil takke alle som har gjort dette muleg. Me har eit tunnelteam som består av mange nasjonalitetar, og de har stått på her inne i fjellet. Som eit lag får me ting til saman, sa Mysliwietz.

- Dette er vårt første gjennomslag på eit prosjekt me har aleine i Norge, og dette blir ikkje siste tunnelen me byggjer her i landet, la han til.

Fekk gratulasjonar

Statens vegvesen sin prosjektleiar Odd Erik Haugen gratulerte Strabag med gjennomslaget, og han trakk fram at det er godt å sjå at dei har kome så langt i prosjektet utan skader med fråver.

- Eg veit de har hatt mange utfordringar med tunnelen, spesielt i starten, og med lausmassar under Kongevegen. No må de ha lykke til med resten av prosjektet og ferdigstilling av tunnel og veg. Men hugs på at sidan me no ligg litt etter planen, er det ekstra viktig at me har stort fokus på HMS, sa Haugen.

Også utanfor tunnelen har Strabag gjort gode framskritt på veg i dagen, dei har støypt den 210 meter lange Strondafjordbrune, og denne veka vart første delen av ein 110 meter lang betongportal som skal leie inn tunnelen frå aust støypt.

Lokal støtte

Arbeidet blir følgt tett av ordførar Vidar Eltun, som bur rett nedanfor anleggsområdet. Han takka Strabag for innsatsen, før det vart kake og kaffe inne i tunnelen.

- Som ordførar, som leiar av E16 Stamvegutvalet og som busett i Vang kan eg nesten ikkje oppleve noko større enn dette. Nok ein tunnel på E16 har gjennomslag, og snart vil trafikantane få raskare og tryggare veg. I tillegg er det kjekt at lokal betong og lokale bedrifter bidreg inn i dette, sa Eltun.