- Grunnundersøkingar er nødvendig for å få eit betre grunnlag for blant anna utarbeiding av byggeplan. Dette er ei viktig kartlegging i framkant av prosjekteringa som startar no i november, seier byggjeleiar for E16 Øye-Eidsbru, Harald Stadheim.

Prosjektering er detaljplanlegging av anleggsarbeidet. Dersom løyvingane går i orden skal anlegget starte opp i 2015.

Lett sprenging

Stadheim forklarer at det i undersøkingane har vore nytta rigg til å bore ned til fjell, og at dei har nytta noko som kallast seismikk.

- Seismikk er «lett sprenging» i terrenget for å kartlegge avstand til fjell gjennom tida lydbølgja brukar ned til fjell. Resultatet av denne kartlegginga, er at me no er sikrare på kor djupt det er frå terrenget og ned til fast fjell på aktuelle delar av den planlagde vegparsellen.

Vegvesenet har i undersøkingane vore spesielt opptekne av området der tunnellen byrjar og sluttar. Arbeidet vart utført i oktober månad, og det var litt støy i området i samband med dette.

Ventar på telen

No står det att noko grunnundersøking som skal gjerast like ved inngangen til tunnellen mot nord.

- Her skal me ta ut prøver av fjellet, såkalla kjerneboring, for å sjekke fjellkvaliteten i eit område med liten overdekking, seier Stadheim.

Desse undersøkingane skal gjerast i eit område der den nye tunnellen kryssar under Kongevegen. For å sikre at det ikkje vert unødige skadar på Kongevegen, vert prøveboringa gjennomført etter att tela har sett seg i bakken.

Til våren vert det òg gjort nærmare grunnundersøkingar med borerigg på austsida av tunnellen. Desse grunnundresøkingane skal gjerast i samband med utarbeiding av detaljplanar i prosjekteringsfasen.