E16 Filefjell har vore bygd ut som fire delprosjekt i denne rekkefølgja:

  • Eidsbru-Varpe                   2010-2012
  • Borlaug-Smedalsosen      2011-2014
  • Varpe Bru-Smedalsosen  2014-2017
  • Øye-Eidsbru                       2016-2019

 - Siste delprosjekt er forseinka, då me har hatt utfordringar med å få arbeidet utført til avtalt tid. Men me jobbar for å finne løysingar i lag med entreprenørane Strabag og Aldesa, og trafikken vil bli sett på i Rødølstunnelen så snart det elektriske anlegget er ferdig og dokumentasjon er overlevert slik at tunnelen kan sikkerheitsgodkjennast, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Vintersikker veg

Når siste delstrekninga er avslutta, er det brukt rundt 3,3 milliardar kroner for å utbetre vegen over Filefjell til å bli den mest vintersikre fjellovergangen mellom Austlandet og Vestlandet. Og at vegen fungerer som planlagt viser seg gang på gang når uvêret slår inn: På andre fjell er det kolonnekøyring og stenging, medan E16 Filefjell stort sett har fri ferdsel.

- Me har opplevd mykje i løpet av åra me har bygd veg på Filefjell. Førre kontrakt med Hæhre og Mesta elektro gjekk svært smidig å få bygd, og blei ferdig i god tid før sluttfrist. Men no er me i ein litt anna situasjon, seier Haugen.

Har utfordringar

Både Strabag (Austerrike) og Aldesa (Spania) har det til felles at dei er nye i den norske anleggsmarknaden. Dei måtte setje saman heilt nye team her i landet, og det tek tid og er meir utfordrande enn å få inn eit godt drilla arbeidslag som kjem rett frå eit anna vegprosjekt.

Ein snøfattig og mild vinter har vore gunstig for vegarbeidet på siste delstrekninga, og held vêret fram slik utover i mars blir det gode forhold for å leggje siste hand på verket ute i dagen.

- Me gjer det me kan for å få siste stykket av vegen ferdig så fort som muleg, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.