Reguleringsendringa omhandlar utviding av parkeringsareal/rasteplass og eigen inn/ut-køyring for buss. Endringa vil gjere inngrep på område regulert til LNF og ein mindre utviding av plangrensa mot Tyinvegen.

Massedeponiet er i dag under opparbeiding og har eit stort anleggsområde. Dette skal fyllast og tilbakeførast til landbruksformål med overdekt matjord, i tråd med gjeldande reguleringsplan. I tillegg skal det etablerast ein rasteplass på deponiområdet.

Vang kommune og Statens vegvesen har vurdert at det er behov for eit noko større og meir tilpassa areal for etablering av rasteplass med mulighet for parkering av buss. Det vert søkt om å utvide regulert parkeringsareal slik at dette kan gjennomførast, samt eigen inn/utkøyring for buss.

Høyringsfrist er 28. februar. 

 

Innspel til planen sendast til:

firmapost-vest@vegvesen.no

eller

Statens vegvesen Region vest

Postboks 43

6861 Leikanger.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til Silje Aaberge Aalbu i Statens vegvesen på tlf. 576 55 804

 

Dokument i saken ligg til nedlasting til høgre på sida.