- Dette er første kontrakten vår med Statens vegvesen, og det betyr mykje for oss. Det er eit mellomstort prosjekt, og det gir oss gode mulegheitar til å vise vår kompetanse på tunnel-, veg- og brukonstruksjon, sa prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag AG NUF - den norske divisjonen av det austerrikske selskapet.

70 til 80 personar vil jobbe på prosjektet på det meste, og Mysliwietz seier at mange av dei tilsette vil vere norske.

Ser fram til å starte

Sjølve Signeringa vart gjort av Hannes Gamsjäger og Robert Fritz frå Strabag og prosjektdirektør Kjartan Hove frå Statens vegvesen Region vest. Prosjektleiar på E16 Filefjell, Odd Erik Haugen, gler seg til å kome i gang med arbeidet på den nye kontrakta, og snart vil det vere full aktivitet på to delstrekningar på fjellovergangen mellom Bergen og Oslo.

- Strabag er eit stort firma, og me ser fram til å samarbeide og bli betre kjent med dei. Målet vårt er å gjennomføre kontrakta utan ulykker og få bygd eit veganlegg av god kvalitet til det beste for trafikantane, sa Haugen.

Stort firma

I forkant av signeringa presenterte Strabag verksemda si for Statens vegvesen. Firmaet omsette for 12,5 milliardar Euro i 2014 og dei har 72.900 tilsette over store delar av verden. 500 av dei jobbar i Norge og Sverige, men målet er å auke dette talet. Kjerneverksemda er veg og offentleg infrastruktur, men dei er også store på vasskraftprosjekt og gruvedrift. Namnet Strabag er ei forkortning for "Strassen Bau AG" eller "Vegbygging AS" på norsk.

I Norge jobbar firmaet i arbeidsfellesskapet som bygger ny jernbanetunnel gjennom Ulriken i Bergen, og der står Strabag for tunneldrivinga med tunnelbormaskin (TBM).

339,5 millionar

På E16 Øye-Eidsbru leverte Strabag AG inn det rimelegaste tilbodet, med ein total sum på 339,5 millionar kroner. Strekninga som skal byggjast er på 4 km, der om lag halvparten går i tunnel. Den nye traseen tek av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru. Når prosjektet står ferdig i 2018 vil E16 Filefjell vere ein effektiv og vintersikker hovudriksveg mellom Aust- og Vestlandet.