Ekstra stolar måtte setjast fram og nokre måtte ta til takke med ståplass langs veggane då prosjektleiar Odd Erik Haugen ynskte velkommen på Vegvesenet sitt største møterom i Tyinkrysset. Dei 29 entreprenørtilsette som møtte fram kom frå 16 forskjellege firma, både norske og utanlandske.

Lausmasse- og fjelltunnel

På prosjektkontoret fekk dei høyre detaljar om prosjektet, som mellom anna består av ein to kilometer lang tunnel der austre enden blir bygd gjennom ein morenerygg som lausmassetunnel.

- Massar må fraktast bort for så å leggjast tilbake når lausmassetunnelen er støypt. Vidare går ny veg i tunnel gjennom fjell opp til Eidsbru, og der skal det byggjast ei 210 meter lang bru over elva og fram mot påkobling til eksisterande E16, sa byggjeleiar Stein Henry Øvstetun på delstrekninga Øye – Eidsbru.

Opsjon på 3,2 kilometer

Entreprenørane fekk også høyre om opsjonen på bygging av strekninga Turtnes-Øye på austsida, dersom finansiering kjem på plass for desse 3,2 kilometrane. Ekstrastrekninga vil sikre god utnytting av masse frå tunnelen, slik at  massebalansen i prosjektet truleg går opp i opp.

Viss ikkje Turtnes – Øye blir blir ein realitet, vil prosjektet ha eit masseoverskot av tunnelmasse som må leggjast i deponi.

På synfaring

Etter gjennomgang av dei tekniske sidene på prosjektkontoret i Tyinkrsset, gjekk turen med buss ned til Eidsbru, der forsamlinga fekk sjå området for vestre tunnelpåhogg og den 210 meter lange brua. Vidare gjekk turen ned til Øye, der entreprenørane fekk sjå området der ny veg skal byggjast opp bak eksisterande bebyggelse.

Opsjonsområdet heilt bort til Turtnes var også ein del av synfaringa, og der skal vegen stort sett følgje eksisterande veg og tre korte bruar skal byggjast.

- At me hadde heile 29 personar frå 16 forskjellege entreprenørar og underentreprenørar på besøk i dag, vitnar om god interesse for å byggje E16 Øye – Eidsbru. No er me spente på kva tilbod me får inn innan fristen 30. mars, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.