I utgangspunktet skulle reguleringsplanen bli oversendt innan årsskiftet. Behovet for mindre planendringane gjer at prosessen vil ta noko lengre tid.

Kort høyring

- Vi arbeider hardt for å bli ferdige med planen.  Vi vil no sende eit varslingsbrev til kommunen, NVE, Fylkesmannen, Oppland fylkeskommune samt grunneigarane med orientering om kva vi gjer og kvifor, seier planansvarleg Håkon Håversen.

Planendringa vil bli sendt ut på ei avgrensa høyring, med høyringsfrist på eit par veker, før den endelege planen vert sendt til kommunen for sluttbehandling.

Endring av bru

Bakgrunnen for endringane er at Statens vegvesen parallelt med planarbeidet har fått utført ein Trafikksikkerhetsrevisjon av reguleringsplanen. Denne revisjonen peikte på punkt som er uheldig utforma, og som bør endrast i planen. Blant desse var den nye brua ved Eidsbru. Her var vegen planlagt med litt for krapp kurve, men denne vert no endra for å gjere prosjektet meir trafikksikkert.

- I tillegg vil det på bakgrunn av nye og betre grunnundersøkingar ved tunnelpåhogg i aust bli nokre mindre endringar der, ved at inngangen til tunnelen vert flytta 30-40 meter vestover, og portalbygget forlenga noko austover, seier Håversen.

Ved å flytte påhogget og forlenge tunnelportalen, unngår ein store skjeringar i lausmassar utanfor tunnellen, og inngrepa i naturen vil bli mindre synlege etter at anlegget står ferdig.

 - Vi ynskjer også å trekke heile planområdet noko mot aust for å sikre ein betre påkopling til eksisterande veg, seier Håversen.

Dagens E16 ved ØyeDagens E16 ved Øye