Reguleringsplanen vart godkjent i kommunestyret 13. mars, og planen legg til rette for utbetring og omlegging av E16 med nødvendig trafikkareal. I vedtaket påpeika kommunestyret at "Vegvesenet må sjå til at dei omsyn som ikkje er fullstendig avklara gjennom reguleringsplan fylgjast opp i byggjeprosessesen, derunder støydempande tiltak ved Eidsbru og utredning av vassdragstekniske konsekvensar av brukryssing ved Eidsbru inkludert eventuelle behov for avbøtande tiltak."

Den nye vegstrekninga omfattar to kilometer veg i dagen og to kilometer tunnel forbi Øye sentrum. Strekninga er den austlegaste biten av E16 Filefjell-utbygginga. Med reguleringsplanen på plass er ein no sikra at utbygginga av E16 Filefjell kan halda fram fortløpande fram mot ferdigstilling av heile fjellovergangen mot slutten av 2017.